då eg var yngre, kunne eg hugsa alt, om det hadde hendt eller ikkje
|
dei eldste og stuttaste orda, 'ja' og 'nei', er dei som krev mest omtanke
|
dei fleste vil heller døy enn å tenkja, og det gjer dei i røynda òg
|
dei har utvikla lækjemåtar for ukjende sjukdomar
|
dei mennene som kjem best ut av det med kvinner er òg dei som best veit korleis dei skal greie seg utan dei
|
dei som eig dette landet, kjenner sanninga: Det blir kalla den amerikanske draumen fordi du må sova for å tru på henne
|
dei store hendingane i verda skjer i hjernen
|
dei tinga folk flest vil vita noko om, har dei oftast ikkje noko med
|
dei ynskjer krig, men me skal ikkje lata dei vera i fred
|
den einaste måten å hindre at nokon får kjennskap til grensene dine er å aldri gå over dei
|
den einaste sanne boka treng ikkje forfattaren finna opp i vanleg forstand, for ho finst alt i kvar og ein av oss, han må berre omsetja ho. Forfattaren har same plikter og oppgåver som omsetjaren
|
den låke læraren fortel. Den gode læraren forklårar. Den framifrå læraren demonstrerer. Den storfelte læraren inspirerer
|
den verste forma for intoleranse kjem frå det som vert kalla fornuft
|
dersom ein nasjon trur han kan vera fåkunnig og fri, så trur han noko som aldri har vore og aldri vil vera
|
dersom israelarane ikkje ynskjer å verta skulda for å vera nazistar, burde dei rett og slett halda opp med å bera seg åt som nazistar
|
despotar veit korleis dei skal løysa alle problem, bortsett frå det mest alvorlege: dei sjølve
|
Det at ein truande er lukkelegare enn ein skeptikar, har ikkje meir med saka å gjera enn at ein som er full er lukkelegare enn ein som er edru
|
det beste ved samværet er at det får oss til å verdsetja einsemda
|
det er betre å leggje liv til dagane dine enn dagar til livet ditt
|
det er betre å vera ulukkeleg i kjærleiken enn ulukkeleg i ekteskapet. Sume er så hepne at dei lukkast i både tilfelle
|
det er ikkje medvitet som styrer livet, men livet som styrer medvitet
|
det er ikkje skandaløst at somme bankmenner har hamna i fengsel. Det er skandaløst at det går nokon frie
|
det er ikkje striden som tvingar oss til å verta kunstnarar, men kunsten som driv oss til å strida
|
det er kje godt for mennesket å få alt det vil ha
|
det er morosamt med kva for ei tankeløyse vonde menneske trur at alt skal gå bra
|
Det er teiknet på den urøynde å ikkje tru på lukka
|
det er vanskeleg å kjenna att dei som friviljug fylgjer med straumen
|
det finst berre to måtar å fortelja den heile og fulle sanninga – anonymt og posthumt
|
det finst ei form for energi som er endå reinare enn sola og endå meir fornyeleg enn vinden, nemleg den energien vi ikkje brukar
|
det finst ikkje betre løyndomar enn dei som alle kjenner
|
det fyrste revolusjonære trekket er å kalla ting med det rette namnet deira
|
det har aldri vore ein god krig eller ein dårleg fred
|
det må vera noko gale med arbeidet, elles hadde dei rike halde det for seg sjølve
|
det vantar ikkje på fridom, men på frie menneske
|
det viktigaste ved kommunikasjon er å høyra det som ikkje vert sagt
|
det økonomiske systemet me har no, er ei global maskin som øydelegg miljøet og skapar millionar av taparar som ingen veit kva dei skal gjera med
|
di høgare me lyfter oss, di mindre verkar me for dei som ikkje kan fly
|
di mindre du et, drikk, kjøper bøker, går på teater, på ball, i vertshuset, tenkjer, elskar, teoretiserer, syng, målar, fektar osb., di meir sparar du, di større vert rikdomen din, som korkje mòl eller rust fortærer, kapitalen din. Di mindre du er, di mindre du lèt livet ditt koma til uttrykk, di meir har du, di større er det avhende livet ditt, di meir legg du opp av det framandgjorde tilværet ditt
|
di veikare kroppen er, di meir krev han; di sterkare han er, di meir lyder han
|
du lyt endra deg sjølv, ikkje himmelen over deg
|
du treng ikkje brenna bøker for å øydeleggja ein kultur. Få berre folk til å slutta å lesa dei
|
dugløyse viser seg i bruken av for mange ord
|