Logos Multilingual Portal

Select Language

å a b d e f g h i j k l m n o p r s t u v

å forelska seg er ei sak for kelnerar
Gianni Agnelli
å leva er farleg
João Guimarães Rosa
å seia sanninga mot betre vitende burde sjåast på som uærleg
Karl Kraus
å skipa eit bibliotek er som å byggja eit offentleg kornkammer, å samla eit forråd for ein åndeleg vinter som, trass i meg sjølv, eg ser teikn på at kjem
Marguerite Yourcenar
å tru er å skapa
Miguel de Unamuno
å tvila på seg sjølv er fyrste teiknet på intelligens
Ugo Ojetti
alle høyrer berre på det dei skjønar
Johann Wolfgang von Goethe
alle kvinner ville gjerne vera trufaste. Vansken er å finna ein mann å vera trufast mot
Marlene Dietrich
alle lukkelege familiar liknar kvarandre, kvar ulukkelege familie er ulukkeleg på sin måte
Leo Tolstoy
alle smiler på same språket
Anonymous
alt du les i avisa er sant, bortsett frå den sjeldsynte gongen då du veit kva som skjedde
Erwin Knoll
alt du treng, er fåkunne og sjølvtillit, og du kan vera viss på å lukkast
Mark Twain
alt er ikkje verdt noko, og resten er endå mindre verdt
León de Greiff
alt som er funne opp er verkeleg
Gustave Flaubert
amerikanarane er friske smitteberarar av demokratiet
Giorgio Gaber
anarki tyder ikkje styreløyse, det tyder styrarløyse
Edward Abbey
andres lyte liknar for mykje våre eigne
Leo Longanesi
at den einskilde utviklar seg fritt, er vilkåret for at alle skal gjera det
Karl Marx
åtvaring: liket til Marx pustar framleis
Nicanor Parra
av alle seksuelle avvik er reinlivnaden utan tvil det underlegaste
Remy de Gourmont
Berlusconi er ein av desse sjukdomane som kan kurerast med vaksine. For å kome deg etter Berlusconi treng du ein god dose Berlusconi
Indro Montanelli
berre det du ikkje betalar for kostar
Camillo Sbarbaro
berre ein dåre ville velja krig framfor fred – for i freden gravlegg søner fedrane sine og i krigen fedrar sønene sine
Herodotus
berre når det er mørkt nok kan du sjå stjernene
Martin Luther King
boka blir redninga åt menneskja
Voltaire
boka der all lærdom var nedskriven, bad om hjelp for å ikkje verta oppgnegen av musa. Og musa fekk seg ein god lått
Leon Battista Alberti
bøker har ærekjensle. Når du låner dei bort, kjem dei aldri meir attende
Theodor Fontane
då eg var yngre, kunne eg hugsa alt, om det hadde hendt eller ikkje
Mark Twain
dei eldste og stuttaste orda, \'ja\' og \'nei\', er dei som krev mest omtanke
Pythagoras
dei fleste vil heller døy enn å tenkja, og det gjer dei i røynda òg
Bertrand Russell
dei har utvikla lækjemåtar for ukjende sjukdomar
Ronald Reagan
dei mennene som kjem best ut av det med kvinner er òg dei som best veit korleis dei skal greie seg utan dei
Charles Baudelaire
dei som eig dette landet, kjenner sanninga: Det blir kalla den amerikanske draumen fordi du må sova for å tru på henne
George Carlin
dei store hendingane i verda skjer i hjernen
Oscar Wilde
dei tinga folk flest vil vita noko om, har dei oftast ikkje noko med
George Bernard Shaw
dei ynskjer krig, men me skal ikkje lata dei vera i fred
José Saramago
den einaste måten å hindre at nokon får kjennskap til grensene dine er å aldri gå over dei
Giacomo Leopardi
den einaste sanne boka treng ikkje forfattaren finna opp i vanleg forstand, for ho finst alt i kvar og ein av oss, han må berre omsetja ho. Forfattaren har same plikter og oppgåver som omsetjaren
Marcel Proust
den låke læraren fortel. Den gode læraren forklårar. Den framifrå læraren demonstrerer. Den storfelte læraren inspirerer
William Arthur Ward
den verste forma for intoleranse kjem frå det som vert kalla fornuft
Miguel de Unamuno
dersom ein nasjon trur han kan vera fåkunnig og fri, så trur han noko som aldri har vore og aldri vil vera
Thomas Jefferson
dersom israelarane ikkje ynskjer å verta skulda for å vera nazistar, burde dei rett og slett halda opp med å bera seg åt som nazistar
Norman G. Finkelstein
despotar veit korleis dei skal løysa alle problem, bortsett frå det mest alvorlege: dei sjølve
Winston Churchill
Det at ein truande er lukkelegare enn ein skeptikar, har ikkje meir med saka å gjera enn at ein som er full er lukkelegare enn ein som er edru
George Bernard Shaw
det beste ved samværet er at det får oss til å verdsetja einsemda
Charles Chincholles
det er betre å leggje liv til dagane dine enn dagar til livet ditt
Rita Levi Montalcini
det er betre å vera ulukkeleg i kjærleiken enn ulukkeleg i ekteskapet. Sume er så hepne at dei lukkast i både tilfelle
Guy de Maupassant
det er ikkje skandaløst at somme bankmenner har hamna i fengsel. Det er skandaløst at det går nokon frie
Honoré de Balzac
det er ikkje striden som tvingar oss til å verta kunstnarar, men kunsten som driv oss til å strida
Albert Camus
det er kje godt for mennesket å få alt det vil ha
Heraclitus
det er morosamt med kva for ei tankeløyse vonde menneske trur at alt skal gå bra
Victor Hugo
Det er teiknet på den urøynde å ikkje tru på lukka
Joseph Conrad
det er vanskeleg å kjenna att dei som friviljug fylgjer med straumen
Stanislaw Jerzy Lec
det finst berre to måtar å fortelja den heile og fulle sanninga – anonymt og posthumt
Thomas Sowell
det finst ei form for energi som er endå reinare enn sola og endå meir fornyeleg enn vinden, nemleg den energien vi ikkje brukar
Arthur H. Rosenfeld
det finst ikkje betre løyndomar enn dei som alle kjenner
George Bernard Shaw
det fyrste revolusjonære trekket er å kalla ting med det rette namnet deira
Rosa Luxemburg
det har aldri vore ein god krig eller ein dårleg fred
Benjamin Franklin
det må vera noko gale med arbeidet, elles hadde dei rike halde det for seg sjølve
Mario Moreno (Cantinflas)
det vantar ikkje på fridom, men på frie menneske
Leo Longanesi
det viktigaste ved kommunikasjon er å høyra det som ikkje vert sagt
Peter Drucker
det økonomiske systemet me har no, er ei global maskin som øydelegg miljøet og skapar millionar av taparar som ingen veit kva dei skal gjera med
George Susan
di høgare me lyfter oss, di mindre verkar me for dei som ikkje kan fly
Friedrich Wilhelm Nietzsche
di mindre du et, drikk, kjøper bøker, går på teater, på ball, i vertshuset, tenkjer, elskar, teoretiserer, syng, målar, fektar osb., di meir sparar du, di større vert rikdomen din, som korkje mòl eller rust fortærer, kapitalen din. Di mindre du er, di mindre du lèt livet ditt koma til uttrykk, di meir har du, di større er det avhende livet ditt, di meir legg du opp av det framandgjorde tilværet ditt
Karl Marx
di veikare kroppen er, di meir krev han; di sterkare han er, di meir lyder han
Jean-Jacques Rousseau
du lyt endra deg sjølv, ikkje himmelen over deg
Lucius Annaeus Seneca
du treng ikkje brenna bøker for å øydeleggja ein kultur. Få berre folk til å slutta å lesa dei
Ray Bradbury
dugløyse viser seg i bruken av for mange ord
Ezra Pound
eg er uroleg, for eg byrjar få idear som eg ikkje er samd i
Francesco Tullio Altan
eg har aldri late skulen leggje seg opp i utdanninga mi
Mark Twain
Eg har fått meir ut av alkoholen enn alkoholen har fått ut av meg
Winston Churchill
eg har lært meg at eit liv ikkje er verdt noko og at ingenting er verdt meir enn eit liv
André Malraux
eg har sett vitskapen eg tilbad og flyet eg elska øydeleggja sivilisasjonen eg venta dei skulle tena
Charles Lindbergh
eg skriv aldri namnet mitt i bøker eg kjøper. Det gjer eg berre etter at eg har lese dei, for fyrst då kan eg seie at dei er mine
Carlo Dossi
eg var antikommunist då det fanst kommunistar
Giovanni Sartori
eg var ikkje redd for orda åt dei valdelege, men togna åt dei heiderlege
Martin Luther King
egoisme er ikkje å leva som du vil, men å krevja at andre lever som du vil
Oscar Wilde
ei verkeleg bragd er å verta det beste du kan verta
Harold Taylor
ein bank er ein stad der dei låner deg ein paraply når det er fint vêr og bed om å få han att når det regner
Robert Frost
ein blir ung når ein fyller seksti. Diverre er det for seint
Pablo Picasso
Ein dag vert me menneske att, og ikkje berre jødar
Anne Frank
ein politikar er ein kar som vil ofra livet ditt for landet sitt
Texas Guinan
eit bein til hunden er ikkje nestekjærleik. Nestekjærleik er beinet delt med hunden når du er like svolten som hunden
Jack London
eit mulitnasjonalt føretak er meir totalitært enn nokon annan institusjon som menneska har tenkt ut
Noam Chomsky
er ei kvinne sjuskete kledd, legg du merke til kleda, men er ho ulasteleg kledd, legg du merke til henne
Coco Chanel
fanatisme går ut på å doble innsatsen når du har gløymt målet
George Santayana
fienden masjerer i spissen for oss
Bertolt Brecht
fjernsynet er spegelen som syner nederlaget åt heile det kulturelle systemet vårt
Federico Fellini
fjernsynet har gjort mykje for psykiatrien, ikkje berre ved å spreie opplysning om han, men òg ved å gjere han naudsynleg
Alfred Hitchcock
for å vera fullkomen vanta det henne berre éin lyte
Karl Kraus
fred er ikkje fråværet av krig; det er ei dygd, ein sinnstilstand, eit huglag for godvilje, tiltru og rettferd
Baruch De Spinoza
fridom finst ikkje, men det gjer leitinga etter fridom, og det er denne leitinga som gjer oss frie
Carlos Fuentes
gass er eit meir miskunnsamt våpen enn den høgeksplosive granaten og tvingar fienden til å godta ei avgjerd med mindre tap av menneskeliv enn noko anna krigsmateriell
Winston Churchill
gjerandsløyse er rota til alt vondt - og krona av alle dygder
Franz Kafka
Gode demokrati, kom heim! Det er ikkje for seint
Ivano Fossati
handsam folk som om dei var det dei skulle vera, og du hjelper dei til å verta det dei kan vera
Johann Wolfgang von Goethe
hugs alltid at du er heilt eineståande. Som alle andre
Margaret Mead
i det me freistar å sjå ut som me ikkje er, sluttar me å vera slik me er
Ernst Jünger
i kvar ein kynikar er det ein vonbroten idealist
George Carlin
i staden for å gje ein politikar nyklane til byen, kan det vera betre å byta lås
Doug Larson
i store ting viser menneska seg slik dei bør visa seg, i små ting viser dei seg som dei er
Nicolas de Chamfort
idear er kraftigare enn atomvåpen
Fidel Castro
ikkje bruk det utanlandske ordet \"ideal\". Me har jo det gode norske ordet \"lygner\"
Henrik Ibsen
illusjonane held stand, trass i fornuft og kunnskap
Giacomo Leopardi
inga regjering kan sitje trygt lenge utan ein fælsleg opposisjon
Benjamin Disraeli
ingen demokratisk teori reiser tvil om det faktumet at eitt av særdraga ved eit diktatur er informasjonsmonopolet
Giovanni Sartori
ingenting held seg uendra, bortsett frå endringa
Heraclitus
inkje er meir øydeleggjande for eit land enn slue folk som utgjev seg for å vere intelligente
Francis Bacon
jaget etter det fullkomne hindrar ofte ei betring
George F. Will
kanskje denne verda er helvetet åt ein annan planet
Aldous Huxley
kanskje er etikken ein vitskap som er kvorven frå denne verda. Det gjer ikkje noko, me lyt finna han opp på nytt.
Jorge Luis Borges
Kjøpmannen har i heile verda den same religionen
Heinrich Heine
kva anna er gleda enn ei uvanleg søt sorg
Heinrich Heine
kva enn kvinner gjer, lyt dei gjera det dobbelt så godt som menn for å verta rekna som helvta så gode. Heldigvis er ikkje det så vanskeleg
Charlotte Whitton
kvart eit ord, sagt eller skrive, er eit dødt språk
Robert Louis Stevenson
kvinnene gjer hundre prosent av det dei seier, mennene stoggar på femti
Claude Lelouch
lat andre skryta av sidene dei har skrive; eg er byrg over dei eg har lese
Jorge Luis Borges
livet kan vera vedunderleg om det ikkje skremmer deg
Charlie Chaplin
lovord frå andre er ei kveikjing ein somtid bør mistru
Paul Cézanne
Lukka er når det du tenkjer, det du seier og det du gjer, er i harmoni.
Mohandas Karamchad Gandhi
lukka er som eit fivrelde: når du jagar etter det, får du aldri tak i det, men om du set deg roleg ned, kan det landa på deg
Nathaniel Hawthorne
løyndomen ved framgang er ærlegdom. Når du lærer å låst som, har du klart det.
Arthur Bloch
mafiaen er som alle andre forretningar, bortsett frå at dei av og til brukar skytevåpen
Mario Puzo
mange av politikarane våre er duglause. Resten er i stand til kva som helst
Boris Makaresko
mange ville like å ikkje betale skatt, men berre dei rike får det til. Difor innser dei fattige at dei må betale skatt for dei òg
Carl William Brown
me har no vorte alt det me sloss mot då me var tjue
José Emilio Pacheco
me lyt alle lyda lovene, men det trengst ein advokat for å skjøna dei
Fabio Fumi
Me veit ikkje kven som oppdaga vatnet, men me er visse på at det ikkje var ein fisk
John Culkin
mellom dei største skattane mine finst ord eg aldri har sagt
Orson Rega Card
mellom eit molekyl og eit anna er det same avstanden som mellom to stjerner
Carlo Dossi
menneska gjer aldri urett så fullstendig og entusiastisk som når dei gjer det av religiøs overtyding
Blaise Pascal
mennesket er jorda som vandrar
Atahualpa Yupanqui
minnet som ei bok etterlèt seg er viktigare enn sjølve boka
Gustavo Adolfo Bécquer
mote vil seia skifteløyse i endringa
Miguel de Unamuno
møtet mellom to personlegdomar er som kontakten mellom to kjemiske stoff: er det ein reaksjon, blir båe transformerte
Carl Jung
når du har fred med deg sjølv, er du ikkje langt av stad når du er ute og fer
Isabelle Adjani
når ei regjering avheng av bankfolka for pengane sine, er det dei som har kontrollen og ikkje regjeringssjefane. Handa som gjev har makta over handa som tek imot. Pengane har ikkje noko heimland og finansfolka har korkje patriotisme eller skamkjensle. Vinning er einaste målet deira
Napoleon Bonaparte
no for tida er den ein ulempe å ha fått ei god oppseding, for det stengjer deg ute frå så mange ting
Oscar Wilde
no ser eg koss det beste mennesket vert forma: gjenom å veksa upp i friluft og eta og sova nær jordi
Walt Whitman
om du ikkje passar på, kan avisene få det til å hata dei undertrykte og elska undertrykkjarane
Malcom X
om du vil vita kva ei kvinne verkeleg meiner, så sjå på henne, ikkje høyr på kva ho seier
Oscar Wilde
om ein mann gifter seg eller ei, så kjem han til å trege
Socrates
orda har den verdien tilhøyrarane gjev dei
Giovanni Verga
overtydd er berre den som ikkje har sett seg grundig inn i noko
Emil Cioran
overtydingar er farlegare fiendar av sanninga enn lygna
Friedrich Wilhelm Nietzsche
pass deg for å berre kalla dei kloke som er samde med deg
Ugo Ojetti
patriotisme er overtydinga di om at dette landet er betre enn alle andre av di du vart fødd i det
George Bernard Shaw
poesien er sambandet av to ord som ein ikkje føresteller seg kan sameinast og som tek form som ved eit mysterium
Federico García Lorca
politikarane er berre oppvartarane til bankierane
Ezra Pound
reising tener berre til at me elskar fødestaden vår endå høgare
Noel Clarasó Serrat
rettferd er ikkje noko anna enn det som høver den sterkaste
Thrasymachus
røynsla er ein god skule, men avgiftene er høge
Heinrich Heine
så leitt at det ikkje er synd å drikka vatn - så morosamt det hadde vore!
Giacomo Leopardi
saman har me skjøna at for dei fleste er retten til å læra avgrensa av skuleplikta
Ivan Illich
sanninga er ikkje i éin draum, men i mange draumar
Pier Paolo Pasolini
sex lindrar spaning. Kjærleiken er årsaka til ho
Woody Allen
Sjeldsynte er dei som nyttar vitet, få er dei som nyttar hjarta, makelause er dei som nyttar båe
Rita Levi Montalcini
sjølv gjennom den hardaste dagen går tida og timane
William Shakespeare
slave er den som ventar på at nokon skal kome og setje han fri
Ezra Pound
soga syner oss at når folk oppdagar barbariet, går dei til krig mot det
Noam Chomsky
Soga vil vera venleg mot meg, for eg skal skriva henne
Winston Churchill
stor kjærleik ovrar seg alltid på eintydig vis – du har ikkje sett augo på ho før du spør deg sjølv: kven er den tispa?
Ennio Flaiano
tagale menner gjer kvinner nøgde, dei trur dei lyder
Marcel Achard
tida er den beste forfattaren. Ho skriv alltid den fullkomne avslutninga
Charlie Chaplin
tilgje alltid fiendane dine; ingenting ergar dei meir
Oscar Wilde
toskane, dei veit ikkje kor mykje meir helvta er enn heilskapen
Hesiod
trege er den sterke viljen til å ikkje leiva far neste gong
Marcel Achard
unge par aner ikkje kor mykje dei skuldar fjernsynet. Ein gong i tida laut ein faktisk tala med partneren
Isidoro Loi
utviklinga av menneskeslekta vil ikkje verta fullførd på titusen år med tame dyr, men på millionar av år med ville dyr, for mennesket er og vil alltid vera eit vilt dyr
Charles Darwin
utviklinga er ei reise med fleire skipbrotne enn passasjerar
Eduardo Galeano
Vatikanet er den mest bakstreverske krafta i Italia. For kyrkja er dei regjeringane despotiske som set grenser for privilegia hennar, og dei som utvidar dei, som fascismen, er himmelsende
Antonio Gramsci
verda skulle le meir, men etter å ha ete
Mario Moreno (Cantinflas)
visdom er å kvitta seg med det ein ikkje treng
Lin Yutang
vitskap er alt det som alltid er ope for diskusjon
José Ortega y Gasset
øydelegg eg ikkje fiendane mine når eg gjer vener av dei?
Abraham Lincoln
… og me har verkeleg ei plikt i denne fæle italienske elenda, ikkje til å verta mektige og rike, men til å oppseda og sivilisera
Pier Paolo Pasolini